Om oss

  • Tilhaldsstad i Ørsta på Sunnmøre
  • Årsomsetning ca 70 mill.
  • Ca. 45 Ansatte
  • Bilparken består av  35 trekkvogner/bilar og 40 hengarar
  • Nye lokaler på Mosflata 2012

Bøstrand TransportI Bøstrand transport har vi vore på vegen for kundane våre sidan 1985. Difor kan vi transport. I dei 30 åra vi har halde på, har vi auka jamt og trutt. Det byrja med ein bil og ein sjåfør. I dag har vi 35 bilar og 45 tilsette. I 2013 vedtok vi å dele oss i fleire firma, som kunne spesialisere seg innafor kvar sine fagområde. Difor ligg no Bøstrand olje og transport AS, Bøstrand AS, Bøstrand kran- og containerservice AS og Autosenteret Ørsta AS som eigne firma under Bøstrand Gruppen AS. I dag er det brørne Yngve og Andre` Ose Bøstrand som driv desse.

Bøstrand TransportDei første åra var det konteinarutleige og frakt av olje, diesel og tømmer i lokalområdet som var verksemda sine viktigaste tenester. Utleige av konteinarar til både bedrifter og privatpersonar driv vi med framleis. I 1990 byrja vi med fast køyring for Ørsta Stålindustri AS – no Vik Ørsta – som i dag er den største oppdragsgjevaren vår. Dette vart starten på langtransporten i firmaet. Vik Ørsta produserer alt innan marina-anlegg, bergsikring, trafikksikring og lysmaster. Transporten frå Vik Ørsta går over heile landet. I 2005 valde Vik Ørsta oss som einetransportør innanlands. Bilparken voks, og talet på tilsette steig frå ti til 25. Fram til 2005 hadde vi brøyting av fylkes- og riksvegar i distriktet for Statens vegvesen, men etter at kontrakten gjekk ut, flytte vi ressursane over på tradisjonell transport.

Bøstrand TransportI ein tiårsperiode hadde vi også all transport av komfyrar i Noreg og ein del av Sverige for Helkama Grepa til fabrikken i Ørsta vart lagd ned i 2008. Ein annan stor kunde er Grøvik Verk AS, som vi skreiv transportavtale med i 2009. Derifrå går det lass med takrenner og beslag rundt i heile Noreg. Etter at vi fekk denne kontrakten, auka vi med fire nye vogntog og like mange sjåførar. Satsing på kran har vore ein viktig del av suksessen vår. Heilt sidan vi kjøpte vår fyrste kranbil har vi bygd opp eit stort nettverk av kundar som nyttar seg av denne tenesta. Kundane på kran nyttar oss ofte i fleire ledd i prosessen, fyrst skal varene transporterast til byggjeplass, deretter monterast. Vi har seinare åra bygd opp ein stor og flott bilpark innan kranbilar og dette er noko vi vil styrke vår posisjon på vidare. I 2012 stifta vi vår eigen verkstad, Autosenteret Ørsta AS, som tek seg av alt innan dekk, service og vedlikehald. I 2014 investerte firmaet i semitrailerar med Thermo kjøl/frys og spesialtransport for anleggsbransjen og skipsindustrien. Dette feltet vil vi satse meir på i tida framover. Frå 1. januar 2015 valde Pretre AS Bøstrand kran- og containerservice som transportør. Denne avtalen femner om all transport frå fabrikken i Stryn. Her vil det gå fem kransemiar i full trafikk over heile landet med takstolar og prekutt for byggjeindustrien. Frå 1. mars 2016 starta vi opp med faste ruter for Norsk stål avd. Horten.

Bøstrand TransportSiste åra har vi bygd opp nye lokale med moderne verkstad, lager, kontor og alle fasilitetar på Mosflata i Ørsta. Dermed ligg vi midt i smørauget i den nye, store regionen som har vakse fram på Søre Sunnmøre etter at både Kvivsvegen og Eiksundsambandet vart opna. Ferjefritt samband til Sogn og Fjordane og resten av Vestlandet, til Austlandet og den maritime klynga i Ulstein-regionen gjer at vi stiller sterkt på mange område. Vi ser lyst på framtida og modernisera heile tida drifta. Vi ønskjer å vere ein god og trygg arbeidsplass for alle tilsette, og vi tek HMS på alvor. Vi arbeidar målretta for å skape trivsel og for å halde god standard.

 

 

55502102eb1fcf.jpg

65502103165ce8.JPG